Mange av oss, anten me er foreldre, naboar, vener, eller kanskje me er trenar for barn og unge på Tysnes, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der me ser eller høyrer noko som får oss til å kjenna ei uro for eit barn eller ein ungdom i nærmiljøet.
Kanskje har me registrert slikt som at barnet/ungdomen
- strir litt med lesinga og skrivinga
- mistrivst på skulen eller i barnehagen
- slit med å få vener
- vegrar seg for å eta
- mobbar eller plagar andre
- manglar nokre ferdigheiter som ein normalt kan forventa i ein gitt alder (t. d. symje, sykle, kle seg)
Eller kanskje me ser og opplever signal frå foreldra som gjer oss urolege for evna deira til å vera foreldre? Det kan vera at dei:
- i stor grad lar andre henta og levera i barnehagen
- ikkje overheld avtalar
- ofte luktar alkohol
- verkar likegyldige til eiga framtoning
- vert opplevde som særskilt usikre, irritable eller sårbare
Du er første steg mot ei løysing
Som du ser, kan signala som gjer oss urolege vera høgst ulike, vage, diffuse og vanskelege å tyda. Då er det lett å kjenna på eiga uvisse: Har eg observert rett? Kan eg risikera å laga «ei sak» ut av ein bagatell? Bør eg dela uroa mi med andre?
Svaret på det siste spørsmålet er eit rungande JA.
Som medmenneske skal me bry oss og ta tak i denne uroa, og dei av oss som er kommunalt tilsette pliktar dessutan å gjera det. Me skal ikkje avventa eller setja vår lit til at andre fangar opp dei same signala som oss. Kanskje er det berre nettopp du som ser barnet/ungdomen!
Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal ein kontakte barneverntenesta direkte.
Når nokon i familien har somatisk eller psykiske lidingar blir kvardagen endra. Barn kan bli bekymra og få mange spørsmål og tankar. Hugs at barn har god fantasi. Dersom dei ikkje blir fortalt kva som skjer, lagar dei seg eigne forklaringar.
BARN TRENG OPENHEIT
– Inkluder og informer barna om situasjonen. Det gir tryggleik!
– Barnehage, skule og helsestasjon kan lettare hjelpa barnet ditt om dei er informert.
– Hald på kvardagsrutinar
– Du finn god informasjon her: www.helsenorge.no/parorende
https://ungeparorende.no/